- Salary
- Not listed
About the role
Vil du arbeide med kritisk digital infrastruktur? Enivest er ein regional internettleverandør som leverer breiband og tilknytte tenester til store delar av Nordvestlandet. Vi har over 28 000 privatkundar og meir enn 2 000 linjer til bedrifter og offentlege verksemder. Vårt tilbod omfattar breiband via fiber, TV- og strøymetenester frå Telia og Altibox, samt telefoni- og WiFi-løysingar.
No søkjer vi ein nettverksingeniør som vil vere med og drifte og vidareutvikle nettverket vårt, og sikre kvalitet i ei infrastruktur som mange er avhengige av kvar dag.
Kva ventar deg som nettverksingeniør hos Enivest?
Som nettverksingeniør hos oss vil du jobbe med utvikling, planlegging og drift av tenester i eit moderne ISP-nett. Du vil arbeide med løysingar for internett og VPN-tenester, og bidra til å sikre stabilitet, kapasitet og kvalitet i infrastrukturen.
Arbeidet omfattar konfigurasjon, testing og driftsetting av nettverksutstyr i aksess-, distribusjons- og kjernenettet. Du vil òg delta i vaktordning og handtere overvaking av nettverket, feilsøking og handtering av hendingar knytt til drift.
I tillegg vil du ta del i prosjekt for kapasitetsutviding, modernisering og tryggleikstiltak i nettverket, og bidra med dokumentasjon og eventuelt automatisering av driftsoppgåver.
Stillinga inngår i avdelinga nettverk , og rapporterar til driftssjef .
Ønskjeleg erfaring
- Erfaring med Cisco IOS / IOS-XR , routing , switching og MPLS-baserte nettverk
- Erfaring med drift og sikkerheit i større nettverk ( ISP / NOC / bedriftsnettverk )
- God forståing av BGP , OSPF , Multicast , IPv6 og routing i operatørnett
- Erfaring frå drift av nettverk i ISP -, telekom - eller operatørmiljø
Interesse for eller erfaring med å ta i bruk AI-baserte verktøy for feilsøking , analyse , dokumentasjon eller automatisering i nettverksdrift .